Olav Nygard (1884-1924) nådde dei store høgder som lyrikar og ordkunstnar. Med visjonær kraft og språkleg djervskap skipa han til eit diktunivers innhylla i stråleglans og klangrikdom.<br>Erlend O. Nødtvedt gav i 2023 ut <em>Olav Nygards seng</em>, ei forvitneleg diktsamling, der ein finn sterk samkjensle med diktaren og tildriv til samhug og samspel med diktverket hans. I eit personleg farga etterord til denne nye utgåva av <em>Dikt i samling</em> gjev Nødtvedt oss eit fint portrett av skalden frå Modalen, av liv og lagnad, og skildrar samstundes ein poetisk praksis av eige format i vår norske bokheim.<br>