Vakker gåvebok med dikt til foreldre

Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere den største gleda ein kan oppleve. Det kan også vere einsamt, rart, sjokkarta, utmattande og forunderleg. Eller alt på éin gong.

Denne boka er til deg som treng meir enn mat og blomar i barselgåve. Her finn du vakre, såre og lattervekkande dikt og korte tekstar som handlar om det å vere gravid og den første tida med det nye barnet - frå Halldis Moren Vesaas, Cathrine Grøndahl, Hans Børli, Gro Dahle, Helge Torvund, Marie Takvam, Arild Nyquist og mange andre.

Kristin Storrusten (f. 1986) er forfattar og journalist. Ho debuterte med diktsamlinga Barsel i 2017. Til dagleg jobbar ho i Aftenposten. Ho har to barn og er dotter av Ingunn Hamran.

Ingunn Hamran (f. 1957) er lærar i barneskolen og tidlegare forlagsredaktør. Ho har tre døtrer, to bonusbarn og ti barnebarn førebels.