Helsepersonell må kjenne rammene dei
arbeider innanfor. Denne boka gir ei brei
innføring i norsk helsepolitikk og samspelet
mellom samfunnet og helsetenesta. Ho syner
korleis politikken blir utforma og gjennomført
i praksis, og korleis helsetenesta er organisert,
styrt og finansiert. Forfattarane forklarer
politiske prosessar på sentralt hald og viser
korleis dei påverkar tenesteytinga. Helsetenesta
slik vi møter henne i dag, blir også sett inn i
ein historisk og internasjonal samanheng, og
demografiske og organisatoriske utfordringar
blir behandla i eigne kapittel. Avslutningsvis
blir medverknaden frå brukarane og frå dei
tilsette drøfta.

Geir Sverre Braut (f. 1955) er seniorrådgjevar
ved Stavanger universitetssjukehus og professor i samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger og i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet.

Kjell Arne Aarheim (f. 1958) er førstelektor ved
Fakultet for helsefag, VID Bergen. sjukepleie.