I si førre bok, Heimbygd, fortel forfattaren om røtene i ei lita Sunnhordlandsbygd. I denne bryt han opp frå bygda og let oss bli med til stadene der han seinare i livet har levd og arbeidd, innanlands og på dei britiske øyane i vest. Sjølvsagt har han med på ferda sin lune, humørfylde penn.

«Av og til er presten oppe og vaker. Såpass må ein rekne med når den som fører pennen har vore innafor rundsnippen i 40 år», skriv han i forordet.

Og han vart ikkje berre pilegrim, men Liverpool-fan òg, på øyane der vest. Med det er vi lesarar grundig advart.

Anders Færevåg har vakkert og levande illustrert boka.