Oppfinnaren Snutt er mest interessert i å finne opp geniale ting og merkelege duppedingsar. Når ungdommane i Olsen by bryt seg inn i oppfinnarfabrikken for å få han til å gi dei sol og varme heile året, ser han sjansen til å lage ei genial oppfinning som gjer det umoglege mogleg. <br/>Isbjørnungen Burrr lever på Nordpolen og har forferdeleg vasskrekk. Han held seg helst på store, trygge isflak og har dessutan eit skjerf slik at han bli taua i land dersom han skulle falle ut i vatnet. <br/>Den geniale oppfinninga til Snutt gjer at det blir mykje sol både i Olsen og på Nordpolen. Og med fint vêr heile dagen, blir det varmt. Veldig varmt. Altfor varmt for isflaka i alle fall. <br/>Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet tek opp klimaproblematikken på ein humoristisk og for barn lett tilgjengeleg måte. Fredrik Rysjedals fantasifulle illustrasjonar følgjer lesaren gjennom boka og gir denne drivande historia eit fargerikt preg. <br/>Boka eignar seg til høgtlesing for barn frå 6 år, og til sjølvlesing frå ca. 8 år.