SEPTEMBERSONG

Eg heng fast i fortida. Til så lenge heng eg fast
i fortida. Eg heng fast i sommaren og minnest
framleis å vere brun på armane, i panna, på kinna
og nedover halsen. Morgonane ser eg det i spegelen
utover i september. Morgonane ser eg huda bleikne
utover i september. Utover i september bleiknar minnet
og ved juletider er eg kvit, ikkje som snø, likevel vinterkvit.

Det er naturleg å vere menneske. Vegen til Geiranger er ei vandring i fotefar frå barndom og ungdom. I denne boka har erindringa og minnet ein sentral plass, saman med eit aldri kvilande medvit om den nådelause tidas gang - om tilkomst, forandring og forsvinning.