Kampen for ein samisk stat etter ein skandinavisk krig. Frigitt etter den skandinaviske krigen flyttar Raisa og dottera Násti til Finnmark for å leve etter gamle samiske tradisjonar. Mor og dotter prøver å bli ein del av fellesskapen i ein sameleir i Karasjok. Samtidig flyttar samar frå heile verda til Finnmark og skaper ein samisk stat. Den nye staten blir straks angripen av Noreg, Nord-Noreg, Finland og Russland. Raisa må kjempe i krigen for å verje det nye landet sitt og dottera. Men vala ho tek for å halde dottera trygg, skaper stadig større avstand mellom dei.<br/> <br/>Tharaniga L. Rajahs debutroman er lagd til ei alternativ norsk verkelegheit, etter at Noreg har utsett samar for utreinsking. Det er ei original forteljing om terror, identitet og samhald.