Asta Olivia Nordenhofs diktverk overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat. Samstundes tek dikta opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Det handlar om å miste foreldra sine i ung alder, om ein far som slo, om prostitusjon, om Danmarks institusjonar og politiske oppløysing. Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og vekslar suverent mellom glede, desperasjon, ømheit, indignasjon, humor og raseri. Frå dansk ved Anna Kleiva. <br/> <br/>Asta Olivia Nordenhof (f. 1984) debuterte med romanen Et ansigt til Emily (2011). Hennar andre bok, det nemme og det ensomme, kom i 2013. For denne blei Nordenhof tildelt den prestisjefylte danske Montanas Litteraturpris.