Det andre blikket er ei diktsamling som fortel om det smertelege tapet av minne hos ei aldrande kvinne. Dikta skildrar forholdet mellom mor og dotter i glimt som spenner frå barndom til demensavdeling. Tid og roller løyser seg opp og skaper forvirring, men og nye måtar å møtast på.
Eg hentar ein stol og set meg

held deg klossete i handa

Kvar er orda for dette

å møtast i dette store rommet

med blikk over alt

Ei framand kvinne kjem bort og spør

om eg vil følgja henne

heim
Dette er ei samling som vil røra mange som er eller har vore i liknande situasjonar.