Om ein gløymd og glitrande forfattar.

Magnhild Haalke (1885-1984) debuterte som forfattar med Allis sønn då ho var 50 år gammal. Ho hausta raskt stor anerkjenning - også utanlands - for den eineståande skildringa av den vesle guten som stilte underlege spørsmål og laga «rare» teikningar.
I denne boka følgjer vi Magnhild Haalke frå oppveksten på Vikna i Nord-Trøndelag, som «småskolelærarinne» på den fattige landsbygda, som forfattar og på reiser i Sør-Europa i lag med ektemannen, kunstmålaren Hjalmar Haalke.

I tillegg til Allis sønn utgjer tre trilogiar høgdepunkta i forfattarskapet. Dei fleste bøkene har sterke kvinner som hovudpersonar. Magnhild Haalke ville ikkje kalle seg «kvinnesakskvinne», men sa at ho skreiv om kvinner som «hadde blitt lurt for sitt eget liv».

93 år gammal blei Haalke omtalt som «en av de ytterst få forfattere som opplever å bli klassiker i levende live», likevel har Magnhild Haalke forsvunne ut av det kollektivet minnet. Kva i alle dagar skjedde?