Den usynlege spionen «Det er noko du ikkje veit», sa Hugos onkel Adam. «Eg har ei ganske spesiell fløyte. Eg arva henne frå bestefaren min din oldefar. Når eg blæs i fløyta, kan eg flytte meg i tida. «Kan eg også få bli med?» spurde Hugo. «Kanskje», sa Adam. «Vi kunne dra til ein stad i gamle dagar der dei bruka hemmelege kodar Kva om vi besøkte Cæsar?» «Cæsar!» Hugo høyrdest svært interessert ut. «Han kjenner eg. Han er med i boka mi om Asterix. Han var ein av dei der romarane.» Den usynlege spionen er ei bok i serien Eventyrleg matematikk. Dei spennande bøkene handlar om menneske som løyste matematiske gåter. Dei var nysgjerrige, oppfinnsame og fantasifulle. Og dei hadde ein stor porsjon mot.