Elise er sint på mamma fordi ho er så streng mot henne og bror hennar, Markus, og fordi ho aldri har tid til å vera saman med dei. Ikkje ville mamma la Elise få lov til å ha katt heller, og ikkje bryr ho seg om katten Truls etter at han kom i huset. Men så skjer det noko som gjer at Elise heilt gløymer å vera sint. Ein dag då ho og Olai er på jakt etter tomflasker, kjem dei til ein stor, flat stein inni skogen. Der skjer det noko merkeleg ... <br/> <br/>Den magiske hemmelegheita er ei barnebok, men er samtidig ei bok for menneske i alle aldrar. Med livserfaring frå arbeid med menneske i ulike livsfasar har Kirsten Onstad den menneskekunnskapen som gjer henne skikka til å forstå og framstille både barn og vaksne. <br/> <br/>Illustrasjonane i boka er laga av Håkon Aasnes.