Vilt og blendande vakkert.

Når den kvite rosa
får deg til å falla
i dagar og død frå treet
så er ho samansvoren
berre med meg

«Den kvite rosa» av den danske forfattaren og poeten Olga Ravn er ei diktsamling full av kraft. Kvart dikt får stå for seg sjølv på luftige sider, som høgreiste monument i ein nøye uttenkt konstruksjon. Dikta fortel ei historie om sjukdom, tap og kjærleik. Språket er minimalistisk, fargerikt og høgtideleg, det ber i seg ein kompleks bildekraft og ville metaforar som treffer lesaren.
Boka er gjendikta av Inger Bråtveit.