Den kompetente barnehagen handlar om korleis leiing kan utøvast for å skape felles læringskultur for å utvikle barnehagen sin pedagogiske praksis.
Boka byggjer på tre doktorgradsavhandlingar som belyser ulike sider av praksis i norske barnehagar: observasjon, kollegarettleiing i gruppe, fleirkulturell kompetanseheving og samarbeid med føresette. Fellesnemnaren er eit fokus på endring og utvikling av praksis gjennom læring og kritisk refleksjon i fellesskap.
Teoriforankringa vektlegg at ein som deltakar i eit praksisfellesskap er del av ein kultur og ein felles kontekst, med rammer og føresetnader, der personalet saman arbeider for å realisere rammeplan for barnehagen sine intensjonar i møte med barn og føresette.
Forfattarane framhevar at det er avgjerande med eit systemisk perspektiv på leiing i barnehagen, der ein saman skal nå organisasjonen sine mål og sikre kvalitet i arbeidet i barnehagen. I denne boka er hovudfokuset avgrensa til barnehagen som organisasjon, det vil seie til leiing i barnehagen.

Den kompetente barnehagen er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga. Den er også relevant for vidareutdanningar innan barnehagefeltet og for alle som er interessert i å lese om leiing for læring og kompetanseutvikling i barnehagen.