Den andre verdskrigen er ikkje ferdig fortid,
men eit høgst levande tema i samtidskulturen.
Krigen er godt eigna som grunnlag for å
diskutere allmenne verdispørsmål og moralske
dilemma, men kva som har vorte sett som
viktig å fortelje og diskutere om krigen,
forandrar seg etter som nye spørsmål blir
aktuelle. Ettertida brukar kort sagt krigen for å
forstå og påverke eiga samtid betre.

Denne boka dreg opp hovudlinjene i korleis
den andre verdskrigen har vorte hugsa,
forstått og framstilt i norsk etterkrigstid.
Hovudperspektivet er korleis minnet om krigen
har vorte teke vare på og utvikla seg i norsk
offentlegheit. Den faghistoriske litteraturen og
debatten går inn i dette biletet, men er berre ein
del av det. Somme tema og perspektiv, framfor
alt motstandskampen og kven som var vener og
fiendar, har vore godt synlege heile tida. Andre,
som lenge låg i skuggen, vart langt seinare ein
viktig del av debatten. Lagnaden til dei norske
jødane er eitt slikt tema. Kan ein tale om heilt
nye perspektiv på krigen, eller er det berre den
etablerte heimefrontforteljinga som har vorte
utvida og nyansert?

Ola Svein Stugu (f. 1947) er professor emeritus
ved Institutt for historiske studium ved NTNU.
Han har særleg arbeidd med by- og regionhistorie og historiedidaktikk og har mellom anna skrive Kunnskapsbyen. Trondheims historie (1997), Historie i bruk (2008) og Norsk historie etter 1905 (2018).