Julie har øvd som ein gal for å klare opptaksprøvene til ballettskolen i London, men denne ettermiddagen rett før ho skal reise tar ho ein pause i dansinga for å vere med kjærasten ut i sjarken hans. Dei går i land på skjera, men brått blir idyllen broten av ei ulykke. Julie må sette livet og dansen på spel for å redde den unge fiskaren ho elskar. <br/>Ein medrivande og intens roman om hav, dans og to unge elskande som ikkje deler framtidstankar, men likevel drøymer om eit liv med kvarandre. <br/>Torvald Sund frå Levanger har ein lang og variert forfattarskap bak seg, denne gongen slår han til med ei bok om kjærleik på tvers av bakgrunn og familie.