Dei daglege bønnene i denne boka lyftar oss opp frå vår eigen kvardag og hjelper oss å finna ro og bli stille for Gud. Dagleg Bønn vil hjelpa alle, som kjenner trong til eit djupare bønneliv, til ein god bønnerytme i ei travel tid. Bønnene er anten henta frå eller inspirert av Bibelen. Dei bibelske bønnene gjev oss eit mønster og eit godt utgangspunkt for eigne bønner.<br/><br/>Erling Thu er frå Ganddal på Jæren. Der vaks han opp i bedehusmiljøet og har vore forkynnar sidan 1962. Han var fleire år i Sarons Dal og var seinare med å starta Kristent Fellesskap, Bergen Bibelskole og Kristent Nettverk. Han har skrive fleire bøker. Han har vore gift med Solveig sidan 1964. Dei fekk seks barn saman og har ti barnebarn.