Ein blind gubbe og ein gammal sjømann fyller dagane med drikking, krangling og prat. Ein dag blir rutinane brotne av ei ukjent kvinne med eit lite barn som kjem inn i huset. Skodespelet handlar om kjærleik. Den som er, den som var og den som aldri kjem. Og om kva slags val vi tek i løpet av livet, og kva slags konsekvensar dei får for oss sjølve og dei omrking oss.