Eyvin Ovrum, far til Frigg-gutten eller Frigge-Paal, var mest kjend som reklame- teiknar, men han starta som avisteiknar.
Det tok til i St Paul¿s Dispatch and Pioneer i 1909, det heldt fram i Morgenbladet i 1911, og i 1915 grunnla han reklamefirmaet Atelier E-O. Han ga seg med reklame rundt 1940, fordi annonsane ikkje lenger skulle vere morosame. Hans tid som teiknar gir seg o¿g i all hovudsak pa¿ denne tida. Etter 2. verdskrigen var firmaet kjent for teikneseriar, som alle var teikna av Kaare Bratung.

Han var i reklameverda rekna som ein sentral figur for moderne reklameverksemd. Han brukte folkeeventyr og anna litteratur han kjente, og humor var eit av kjennemerka hans. Begge delar finn vi i avisarbeida hans o¿g. Han leita alltid etter det sentrale for intervju- og reklame-objektet og freista sja¿ det uvanlege og gjerne det humoristiske.

Eyvin Ovrum brukte o¿g a¿ skrive eigne reportasjar i avisene. Det starta han med i USA og heldt fram I Kristiania, men det blei ikkje bare i avis. Han skreiv nokre bøker og lagde sma¿hefter ba¿de for barn og vaksne. Her brukte han signaturen Dad, noko som blei eit namn familien og kjente alltid brukte. Skrivinga har dei same kjennemerka, naturleg nok, som teiknearbeida hans ¿ humor, vidd og kreative vinklingar.

Jon Ovrum (f. 1947) er pensjonert lektor fra¿ den vidarega¿ande skulen, med hovudfag i historie og med støttefaga nordisk, kunsthistorie og filosofi. Han har skrive ba¿de bok- og musikkom- taler i, og ein rad sma¿tekstar pa¿ baksida av, avisa Klassekampen. For nokre a¿r sidan ga han ut boka «A¿ret rundt med Caravaggio», med omtaler av dei fleste ma¿larverka til den kjende, italienske ma¿laren.<br