Denne boka er tilpassa læreplanen i faget Bransjelære for programområdet Transport og logistikk Vg2 i den vidaregåande skulen.

Boka er også aktuell for privatistar, som lærebok i teoridelen til fagbrevet som yrkessjåfør/logistikkoperatør. Boka tek mellom anna føre seg rammevilkår ved transport- og logistikkverksemd, og dessutan leiing og økonomisk styring av slike verksemder.

Hovudemna i boka er

berekraftig utvikling i transport- og logistikkbransjen

helse, miljø og sikkerheit

kosthald og fysisk aktivitet for førebygging av livsstilssjukdommar

hovudtrekka i norsk samferdselspolitikk

prosedyrar ved internasjonale transportoppdrag

verdi- og forsyningskjeder frå produksjon til sluttbrukar og attvinning

prisrekning for transportoppdrag

krav til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv

Til boka er det utarbeidd ei arbeidsbok med eit rikt utval av oppgåver.

Gunnar Ottesen har dei siste åra arbeidd som førstelektor i logistikk- og kvalitetsleiing ved UiT ¿ Noregs arktiske universitet. Forfattaren har mange års bransjeerfaring frå arbeid med person- og godstransport både frå offentleg og privat sektor.