Bolivia av Heidi Lundeberg

272,-

Kjøp

Då den karismatiske Evo Morales vann presidentvalet i Bolivia i 2005, vekte det internasjonal oppsikt. Med radikale reformer skulle det sosialistiske partiet Movimiento al Socialismo (MAS) ta eit oppgjer med 500 år kolonialisme.

Sidan den gong har fattigdomen blitt halvert, og ein velferdsstat har sett dagens ljos. Men då Morales i 2020 stilte til val for tredje gong, i strid med grunnlova, blei det bråk. Høgresida kuppa makta, og det vart kampar i gatene. Etter eit år med uro, vart det endelig halde eit nytt, demokratisk val. Med ein ny presidentkandidat vann MAS makta tilbake.

Latin-Amerika-kjennaren Heidi Lundeberg gir oss historia om dei mange omveltingane Bolivia har gått gjennom. Me får møte Martha, som har fått stipend for å bli lege, Rosmery, som har fått innlagt vatn og straum, og Alberto, som har fått lønna si femdobla sidan MAS kom til makta.

No står Bolivia igjen ved eit vegskilje. Vil sosialistregjeringa lykkast med å redusere ulikskapane samstundes som dei møter forventingane til ei veksande middelklasse? Vil forsøket på industrireising lykkast? Og er det i Andes me kan finne inspirasjon til ei grønare og meir rettvis framtid?

På lager272,-