Tredje bok i spenningsserien om Stian og Stine!

Når Stian og Stine treffer ein gråtande gut på gata som seier han har blitt rana av ein bjørn, er dei sikre på at dei har funne eit nytt mysterium å løyse. Kan det vere ein verkeleg bjørn, eller?

- Har dyrekostymene på garden noko å gjera med overfallet på guten og fleire innbrot?
- Kven er dei to i bilen som spionerer på Stian og Stine?
- Kva er det som skjer på garden Vistad om kveldane?

Stesøskena Stian og Stine har nettopp blitt del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at Stian og Stine begge liker å løyse mysterium.