Nye eventyr med ny ven!

Slatten har ingen å leike med. Det har han nesten aldri. Det er ganske så trist. For om ein ikkje kan å spele fotball, får ein ikkje vere med. Men når det flyttar ei ny jente inn i Paradis blir alt så mykje meir morosamt. Ho heiter Kaka, og har auge som skin som gull. Og ho er glad i å finne på heilt nye ting.

I serien Påfunn i Paradis.

Bestevener er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 3.