Berit på Pynte er ei legende i langeleikkretsar. Ho gjorde langeleiken til levebrød og skapte interesse for låttemusikken også blant dei høge herrar. Beste harpespillerske, verdensberømt er skriven av av forfattar og journalist Olav Norheim.

Berit på Pynte budde like ved Kongevegen mellom Kristiania og Bergen og skaffa seg inntekter ved å spela for dei forbifarande og selja brennevin til dei. Edvard Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson var blant gjestene, og ho vart portrettert av både Erik Werenskiold og Mathias Skeibrok. I «byen» var ho på visitt hjå folkemusikksamlaren Ludvig Mathias Lindeman. Både Grieg og Lindeman skreiv ned musikken hennar, og Berit på Pynte vart ein kjendis i samtida.

Ein god grunn til å gje ut boka om Berit på Pynte i 2024 er at den eldste daterte langeleiken me kjenner, er 500 år i år. Det er Kvitvella Forlag, drive av Nord-Aurdal Mållag, som markerer dette 500-årsjubileet med å gje ut boka Beste harpespillerske, verdensberømt. Forfattaren av boka, Olav Norheim, er vestreslidring og har tidlegare skrive ei bok om Jørn Hilme og felene hans: Susen av Garlistuten. Historia om den gjæve fela til Jørn Hilme.