Boka er ein samtidsroman, bygd over verdiar og opplevingar relaterte til refleksjonar, andaktar og preiker gjennom eit kyrkjeår. Den kan lesast som ei oppbyggeleg bok, men og som <br/>ein familiekrønike i romanform. Tidsspennet i romanen er frå 1920 til 2079 og den har difor både eit historisk perspektiv og eit utblikk mot framtida. Framdrift er utreise og heimkomst <br/>med konfrontasjonar og forsoning i ein misjonærfamilie. Boka kan gjerne lesast med ettertanke, over tid. <br/>Ingolv Gjedrem er pensjonert lektor og sokneprest, med 20 år erfaring som lektor i vidaregåande skule, 8 år som prest i DNK, 4 år som misjonær i Japan, 4 år i kristent arbeid i Noreg og halvanna år i anna arbeid, mellom anna guiding av japanske turistar i Noreg.