Dagens barne- og ungdomslitteratur bruker ei mengd ulike verkemiddel, det påverkar utforminga av innhaldet og lesarrolla. Perspektivet i denne boka er påverka av leik-teori, performativ estetikk og multimodal medieteori, og studentane får ei oppdatert forståing av kva barne- og ungdomslitteratur er og korleis han fungerer. Ørjasæter syner korleis lesaren blir inkludert i forteljinga, enten mediet er bildebok, teikneserie, tekstbok, lydbok eller app. <br/> <br/>Vidare ser forfattaren på samanhengen mellom den litteraturen vaksne skriv for barn og unge, og den litteraturen barn og unge skaper sjølv, som fan-fiction. Boka er skriven for studentar på barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og bibliotekarutdanninga.