Potetball har vore populær husmannskost over heile landet, og kvar landsdel har sin favoritt. Kompe, komle, klubb, krumme, kompedøse, ruter eller risk ? alle er namn på ?den grå juvel?. Ball er heller ikkje eit særnorsk fenomen, både palt, gnocchi, knödeln og zeppelinar er variantar av vår potetball. <br/><br/>Gunda Djupvik gir deg oppskrifter på eit solid utval av både potetball og fiskeball ? med ulikt tilbehør. Du lærer knep og triks for å få din favorittball heilt perfekt og med rett konsistens, og nye og moderne vriar på den tradisjonsrike retten. <br/><br/>I dag er potetball ikkje berre kvardagskost, det er også herleg festmat!