Sommaren 1935 flaug Thor Solberg som førstemann frå USA til Noreg via Grønland, Island og Færøyane med eit spinkelt einmotors Loening amfibiefly. <br/><br/>Den utrulege historia er lite kjend, og Thor Solberg var sjølv ein mann utanom det vanlege. Han dreiv business både i Noreg og i USA, var stor i kjeften og ein solid mytebyggjar. Solberg var ein del av flypionermiljøet i Brooklyn N.Y. , saman med mellom andre Charles Lindbergh. <br/><br/>Dette er historia om ein flygalen gut frå eit småbruk i Florø, som fekk til nesten alt han ville, men som krasjlanda rett som det var.