- Du treng ikkje herma etter apene, Arne! seier Simon. Ivar byrjar å le høgt. Han hoppar rundt bålet som ei ape medan han peikar på meg.

- Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!
Apetryne er ei bok om vennskap, om forelsking, om å vere utanfor og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.

Atle Hansen er forfattar og musikar og har skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne.