Anne Sletto (1867-1946) voks opp i Hol i Hallingdal. 18 år gammal drog ho ut av bygda og tok arbeid som tenestjente, truleg i Vestfold. I 1886 fødde ho sonen Olav, som vart kjend forfattar, og i 1891 dottera Jenny. Barna hadde ulike fedrar, og begge voks opp hos besteforeldra i Hol. Korkje i Olavs Barndom eller vaksenliv hadde han og mora kontakt. I 1900 gifte Anne seg. Paret flytte til Geilo, der ho vart vaskehjelp på hotell. <br/>Eva Almhjell har samla spor etter Anne frå arkiv, album og minne og prøvt å rekonstruere livet hennar så langt råd. Jørn Øyrehagen Sunde skriv om barn fødde utanfor ekteskap gjennom tidene. <br/>Portrettet av Anne Sletto kastar nytt lys over historia til dei lågt på den sosiale rangstigen, over historia til kvinnene og såleis også over norsk historie.