Skattkiste frå Noregs satiredronning!

Agnes Ravatn er ein av Noregs mest morosame og originale skribentar. Her finn du eit rikt utval av Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar gjennom femten år.

Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten.

Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda, gir Ravatn oss eit friskt perspektiv på moderne kultur og samfunn.

Ravatn har eit observant, underhaldande og kritisk blikk på både politikk og kvardagsliv. Tekstane er tankevekkande og lattervekkande, like sjølvkritiske som samfunnskritiske.

«Det finnes allerede et før og etter Agnes Ravatn i norsk essayistikk», uttalte Morgenbladets jury då dei kåra ho til ein av Noregs beste forfattarar under 35 år.