60 x 60 x
Ein mann reknar ut sekundane i eit lysår
Eit barn sit på trappa med ei brødskive
Ein soldat lyfter geværet
Ei sorg søkk gjennom universet
Tid, rom og matematiske lover er sentrale omgrep i denne diktsamlinga. Dei set rammer for mennesket sitt tilvere. Fødsel, død og politiske hendingar finn stad i same sekund på ulike stader på kloden. Dikta er prega av kjærleik til menneska, noko som er styrken og sentrumet i samlinga. Algebraisk er Odveig Klyves 5. diktsamling.