Spennande og livleg forteljing frå krigens dagar <br/> <br/>Dagny har blitt storesøster. I tillegg har ho krigen å kave med. Vår tids Dagny er tilbake i 2. verdskrigen og møter igjen Belinda og Kalla. Det er fint, hadde det ikkje vore for at Kalla har planar om å gjere slutt på krigen heilt på eiga hand. Det er mykje spennande ein kan finne i fjøra, men Dagny treng hjelp både frå notid og fortid skal ho finne skattekista hans Ammen. Og når som helst kan det smelle. <br/> <br/>Eit frittståande framhald til barneboksuksessen Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen.