I tjueseks år har gjetaren Benedikt vandra til fjells med hund og førarvêr i førjulstida for å finne bortkomen sau. Den tjuesjuande vandringa blir ekstra krevjande på grunn av kraftig uvêr. Trufast mot kallet til å hjelpe andre kjempar han likevel vidare mot naturkreftene, og finn styrke i det ubrytelege bandet mellom dyr og menneske.

Advent (1937) er ei poetisk og gripande forteljing som merkjer seg ut med vare mennesketeikningar og storslåtte naturskildringar. Dette er Gunnar Gunnarssons mest kjende bok og eit hovudverk i klassisk islandsk dikting.

«Advent er ei nydeleg forteljing. Gunnar Gunnarsson er kanskje den fremste av alle dei islandske diktarane». Jon Fosse

«Ei klassisk perle om menneskets kamp mot naturkreftene». Bergsveinn Birgisson

Gunnar Gunnarsson (1889-1975) var ein islandsk forfatter. Han blir rekna som ein av Islands store epikarar. Hans mest kjende verk er Advent (1937).