Fernando Pessoas forfattarskap er ein av største litteraturskattane i portugisisk litteratur, og sannelege er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som i grunnen var ei stor kiste full av papir då forfattaren døydde i 1935. Dei over 25 000 manuskriptsidene som låg igjen etter Pessoa, gav ettertida eit arbeid som enno går føre seg og gåter som enno ikkje er løyste.

«Å vere ein annan» gir oss eit nytt og levande utsnitt av mangfaldet i Pessoas verk, og viser korleis forfattaren i heimlandet både har vore ein folkekjær diktar og ein nyskapande analytikar av det moderne sjølvet, ein som tok seg sjølv frå kvarandre for å studere bitane.

Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalte heteronym. I tillegg til «dei fire store», gjetardiktaren Alberto Caeiro, futuristen Álvaro de Campos, klassisisten Ricardo Reis og den mangfaldige Fernando Pessoa sjølv, finst eit dusin andre namn produktive nok til å fortene merkelappen. Til saman har det blitt identifisert 136 ulike fiktive identitetar i skriftene til Pessoa.

Å lese Pessoas verk kan vere ei sprikande oppleving, eit møte med noko svært framandt og velkjent på same tid, ei forvirrande kjensle av å bli lurt, blanda med eit overrumplande inntrykk av å lese den oppriktige sanninga, i eit klart og enkelt språk. Ikkje minst har Pessoa rike mengder av humor - avvæpnande, sjølvironisk, men òg mørk og grunnleggande humor.

Målet med «Å vere ein annan» er å gi lesarane eit innblikk i dette omfattande livsverket for dei som ikkje kjenner til forfattaren frå før, og på same tid gi tidlegare lesarar eit høve til å sjå forfattarskapen med eit friskt blikk. Tekstane i boka er ordna kronologisk og blir slik som ei skisse av Pessoas livshistorie, der dei ulike forfattaridentitetane opptrer i dialog.

Omsetjar Øystein Vidnes har i mange år jobba med Fernando Pessoas litterære verk og er ein av dei fremste ekspertane i feltet. I boka har han samla tekstar frå heile