Velkommen til matriarkatets tidsalder!

«Du kan jo fundere på korfor det er så mange ord som aldri har blitt danna i feminin form. Som drapsmann og valdtektsmann. Eller krigsherre.»

Det er ei ny tid, heilt utan menn. Med unntak av nokre få hannar som blir forvara i eit avlssenter på Lolland.

Fire kvinneliv blir motvillig vikla inn i kvarandre, men dei blir tvinga til å samarbeide då det dukkar opp ein gut i det fri.

Spørsmålet er på kva tidspunkt guten inneheld så mykje testosteron at han blir eit trugsmål mot dei alle.

Romanen er omsett av Ingvild Holvik.